I hovmodet ligg vanvørdnad for Den Trefald Store Byggmeister sitt bod, sjølvtekt og sjølvfrelse. Og i Bibelen finn me fleire gonger ordet om at ”Gud står den stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.”
Det heiter også på folkemunne om motsetnaden om å vera audmjuk er at ”Hovmod står for fall”.
Å vera audmjuk har på ein måte to sider – den er i to deler:
Enkelte skilnar ikkje mellom smålåten og å vera audmjuk. I vår samanheng er like vel dette viktig. Å vera smålåten har med eit undertrykkja, uløyst sinn å gjera – den forflatar og passiviserer. Å vera audmjuk er derimot ei overtyding, ein aktiv haldning som ikkje vil høya opp seg og sitt – men gjerne hevja fram andre.
Denne skilnaden er viktig.
Når me som frimurar blir mana til å vera audmjuk, er det ikkje det same som å forakta seg sjølv eller forsaka seg sjølv på nokon måte.
Som Den Trefald Store Byggmeister sine ypparste skapningar og med lik verd, uansett føresetnad, skal me ha respekt av oss sjølve.
Å vera audmjuk kan heller ikkje gå på akkord med seg sjølv. Når det gjelder kampen om det reine, andelege verd, har det å vera audmjuk sitt kompromiss aldri ført fram. Det gode kan ikkje på nokon måte gå inn i noko kompromiss med det vonde.
Då gjeld det eine eller det anna.
Å vera audmjukt er ikkje passivitet, men ein haldning prega av å vera sikker, på klokskap, på å vera fast og for alltid å kunne stå. Difor er det å vera audmjuk heller ikkje å vera feig. På det mellommenneskelege plan kan ein nok i stor grad tala om det å vera audmjuk er noko som ein har fått i gåve frå fødselen av. Men dette kan ein også læra – bland anna i logen som eit ledd i vår personlege utvikling i frimureriet - med å kunna sjå sine eigne svikt og svakheiter – med å kjenna sitt ansvar å leita etter dei gode sider og haldningar hos sin neste – med å tenkja etter at me ikkje har, som me ikkje har fått.
I hovudverket åt Augustin ”Confessios” talar han om dei tre vegane til Den Trefald Store Byggmeister:
Den fyste vegen heiter å vera audmjuk, den andre vegen heiter å vera audmjuk og den tredje vegen heiter å vera audmjuk.
Me finn altså det å vera audmjuk er eit stort ideal for ein kristen person og ein dyd for kvar ein frimurar – både i vårt tilhøve til Den Trefald Store Byggmeister og til vår neste.
Å vera audmjuk er å ikkje krenka sin broder!
Eg tek med eit dikt av Olav H. Hauge som han har kalla:
Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore,
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gong er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo,
kan grunnvatn stiga.
Tenk før du handlar! Då sårar du ikkje din neste.
Det skje, mine brødre!