Endringsreise

Endringsreise

Endringsreise

Det er tøffe tider, mine brødre, og det er blitt lett å setje seg høgt på hesten og peike på alt som er gale og feil i samfunnet vårt!

Kvinner vert trakassert og utnytta av menn i maktposisjonar. Dei unge plagar og ekskluderer kvarandre gjennom skjulte mobbeappar; «Gå å døy», «Hore» og «Homo» er aksepterte kvardagsord i ungdomsmiljøa. Til å leve med om du ser den som seier det, og kan konfrontere vedkommande ved hjelp av eiga kraft, eller i lag med vaksne, men totalt øydeleggjande over tid når det kjem som daglege intravenøse drypp frå var felles kjælegris; mobiltelefonen. Meldingar piplar inn mange gongar om dagen, dagar som blir til tallause veker, så månadar og år. Skjult, nedrig og fordekt. «Vi berre tulla», er omkvedet når ein gong om annan får lusa under naglen! Den som vert raka veit ikkje kven som er fienden og kvar han er å finne; du vandrar meir og meir einsam gjennom det landskapet som er livet ditt; heimen, klasserom, skulegarden, på jobb, på trening og i fritida. Utan og vite om kva eller kven som jaktar på deg med kikkertsikte og presisjonsvåpen. Bak alle blankpussa fasadar og smil kan det vere ein fiende? Han siktar på hjartet ditt og treff kvar gong. Som vaksen er det råd å skjøne kor forferdeleg utrygge ein må bli som individ av å ha det slik.

Vi som sit her er vaksne, vi skal vere glade om vi kjem bort i slike saker, mine brødre! Da får vi høve til å involvere oss og bry oss om det som skjer med menneska rundt oss. Syne korleis det skal vere mellom menneske når alle er trygge på kvarandre og stolar på kvarandre. Det er inga løysing i gjere slik som eg; bli sint og oppfarande og gjerne dømme både handling og person nord og ned. Eg har heldigvis klart å halde meg frå å skrive blogg, kommentert i kommentarfelt eller lesarbrev og i opphøgd indignasjon, over alle andre sine veremåte, ausa ord meg om kor gale ting har blitt. Høgt til hest og i rettferdig harme! Vi er vel rimeleg samde om at slik framferd ikkje løyser så veldig mykje, strengt tatt!

Vi som er brødre har lært at vi må vere tolmodige under vandringa vår, både når det gjeld livsvandringa og endringsevna vår når det kjem til den «ru stein». Det tek tid å endre tankesett og handlingsmønster. Difor får vi også mange år på å gå frå 1 til 10. grad. Kloke og menneskekjennarar av rang var dei brødrane som i si tid bygde opp dette læresystemet. Det er nemleg ikkje folkeopplysning vi held på med i losjen, vi skal gjere vaksne menn til gangs menneske. Det er eit danningsprosjekt. Og kva er no  danning? Jo, mine brødre, det er det som er igjen når vi har gløymd alt det vi har lært! Eg tek det ein gong til, sakte. – Danning er det som er igjen når vi har gløymd det vi har lært! På nynorsk kan vi seie at vi er inne på alveden av verdikapitalen til mennesket, ryggmargsrefleksen hentar grunnlag for handlingsvala sine direkte der! Fort som lynet! Og rett!

Når vi får problem med arbeidsmiljøet og tryggleik som barn, ungdom eller vaksne, må vi eige utfordringa i lag. Vi må våge å ta tak i små kommentarar og berekningar, snakka saman om det. Gi oss tid til å stoppe opp og involvere oss i både kva avsendar og mottakar opplever og føler. På ein venleg og hyggjeleg måte utan a vere nedlatande. Vi må eige problemet og utfordringa saman, vi må også eige løysinga saman. Vi må lytte til kvarandre og respektere kvarandre og sta saman om dei løysinga vi går for. Stikkordet her er tid, tid til å repetere, tid til spole tilbake og starte på an igjen om det krevst. Endring tek tid, det veit vi som vandrande frimurar på veg mot lys og sanning.

Det er i logens stille rom vi brødre frimurar skal reflektere og vurdere eigen praksis slik at vi gradvis vert danna menneske i den tydinga vi har omtala. Vi er heldig som har ein slik arena som gir oss eit slikt høve til a verte kjende med oss sjølv, vi er i sanning privilegerte! Kvar kjem eg i fra? Kven er eg? Kvar går eg?

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst