Kjærleiken

Kjærleiken

Kjærleiken

Og så vert dei verande desse tre: Tru, håp og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Mine brødre

På dei to siste møta i Deputasjonslogen i Sunnfjord har talarane sett fokus på noko av det viktigaste i livet for oss menneske: Takksemd og lukke. Og i kveld blir det nokre enkle refleksjonar omkring kjærleiken som i dag er mangelvare mellom mange menneske og nasjonar. I staden kan det sjå ut som hatet og likesæla har betre vekstvilkår. Slik burde det ikkje vere.

Og kva er så kjærleik? Ja, det er vanskeleg å svare på. Kanskje var det lurast av meg å ikkje prøve på ei forklaring, men berre vere takksam for kjærleiken eg får og opplever. Den fyller meg med lyst til å gje kjærleik tilbake. Noko større kan knapt hende meg. Men spørsmålet om kva kjærleik er pirrar meg, og eg vil derfor gjere eit ørlite forsøk. Mine kvalifikasjonar for å gje svar er ikkje store, men alt det gode kjærleiken har gjort meg gjev meg lyst til å sjå litt nærare på det største vi har. Og har vi ikkje dette store, blir livet audt og tungt. Slik har det alltid vore.

I strofe 50 i Håvamål kan vi lese:

Turkar toll
Som i tunet stend
Det hjelp' korkje bork eller bar
Så er kvar mann
Som kjærleik vantar
Kvi skal han lenge leva

Mennesket er fødd som eit sosialt vesen. Dette er gunstig for individet og slekta si utvikling og vidareføring. Å knyte band til andre menneske er motivert av ei rekkje behov og ønskje. Tilknytinga til andre menneske kan vere meir eller mindre nær. Vi treffer gjerne folk vi likar. Menneske vi er tiltrekt av og som vi respekterer. Eit vennskap krev nærare og djupare bindingar. Grunnlaget for eit kjærleiksforhold er å bry seg om og ha omsorg for den andre personen. Dei to må vere nært knytte til kvarandre og oppleve intimitet.

Kjærleiken er ein tilstand sett saman av ei rekkje faktorar. Denne tilstanden kan utløyse ulike kjensler i oss, avhengig av situasjonen. Kjærleik knyter vi til gode kjensler dersom tilstanden blir opplevd som trygg. Men kjærleiken er også knytt til vonde kjensler, som for eksempel sjalusi når tryggleiken blir sett på prøve. Og kjærleiken kan stundom vere vanskeleg, kronglete og pålag uråd å forstå. Vil du ha eit godt døme på det kan du lese Ivan Turgenjev si meisternovelle «Den første kjærlighet». Den skreiv han i 1860 i Paris. Mange kritikarar ser på denne som den vakraste forteljing i russisk litteratur.

Vi set skilje mellom forelsking og kjærleik, mellom venskap og kjærleik, mellom det å like og det å elske.

Knut Hamsun seier det slik:

«Spør man om hva kjærligheten er da er den intet annet enn en vind som suser i rosene og derpå stilner av. Men ofte er den også som et ubrytelig segl som varer for livet, varer inn i døden. Gud har skapt den av mange slags og sett den vare eller forgå».

Vi likar menneske med same oppfatning, tru, verdisystem og personkarakter som oss sjølve, menneske som tilfredsstiller behova våre, som er fysisk tiltrekkande, som er vennlege og einige med oss, som likar oss og som gjengjeldar dei positive kjenslene våre, og som er i geografisk nærleik slik at vi kan treffast ofte. I visse situasjonar kan vi bli tiltrekt av menneske som utfyller oss, som har kvalitetar og eigenskapar vi manglar.

Med vener deler vi gode nyhende og suksess, vi gjev og tek i mot kjenslemessig støtte, gjev og tek i mot hjelp når det trengst. Vi prøver å gjere kvarandre glade og fornøgde når vi er saman. Vi opplever gjensidig tillit og at vener betrur seg til oss, og vi forsvarer venen vår når han ikkje er tilstades, vi betaler tilbake lån og venetenester. Vi er tolerante, gjev ikkje negativ kritikk, plagar og skjenner ikkje på kvarandre.

Det finst nok ikkje eit absolutt fasittsvar på kva kjærleik er. Kvar enkelt av oss har ei eiga oppfatning og oppleving knytta til omgrepet kjærleik. Kjærleiken omfattar mange faktorar, og den treng tid til å utvikle seg. Og det er slett ikkje slik at alle kjærleiksforhold utviklar seg likt. Det kan starte enkelt med eit bekjentskap. Vegen vidare kan vere full av problem som må løysast. Det kan likevel ende i eit forpliktande kjærleiksforhold.

Det mest vanlege er vel at ei forelsking utviklar seg til noko nærmast ustyrleg som når store høgder for så å falle ned på eit stabilt nivå. Intimiteten, varmen, nærleiken som utvikla seg raskt flatar ut, men den kan framleis auke så lenge forholdet held fram. Etterkvart blir partane einige om at dei vil satse på eit liv saman og vedlikehalde kjærleiken. Dette tek gjerne litt tid, men når denne faktoren først tek til å utvikle seg, aukar den raskt til den finn eit stabilt høgt nivå. Alt dette opplever den enkelte av oss og kan vektlegge og gje ulike vekstforhold. Det er derfor ingen av oss som opplever eit kjærleiksforhold heilt likt det andre gjer.

Kjærleiken er både vanskeleg å forstå og praktisere fordi den rommar så mange faktorar. Fordelen med at kjærleiken er samansett, er at den har så mange strengar å spele på og mange bein å stå på. Det blir, av kven veit ikkje eg, og det er kanskje heller ikkje heilt gjennomtenkt, sagt at kjærleiken overlever alt. Men mange opplever i alle fall at kjærleiken er meir overleveingsdyktig enn vennskap. Eit venskap har ikkje så mange bein å stå på, og køyrereglane i eit venskap er langt meir absolutte enn i eit kjærleiksforhold. Venskapet er ikkje så kravstort, men det går heller ikkje med på kompromiss. Venskapet vil ikkje ha bind for auga. Det krev likskap, oppgjer, er krevande og pirkete.

I eit kjærleiksforhold går mangt an som ikkje blir godteke i eit vennskapsforhold.

I mitt eige, lange  kjærleiksforhold er vi ikkje pirkete til vanleg, men det kan hende. Eg har heldigvis ei svært oppegåande kone som ikkje kvir seg frå å seie frå om det er noko ho ikkje tykkjer er greitt. Usemje og irritasjon kan vare ei stund, men ikkje lenge. Slikt blir ikkje tolt i eit vennskap. Til dagleg har vi det kjekt saman, og vi samarbeider godt. Og vi nærmast kappast om å få kvarandre til å le, og det skjer mange gonger kvar einaste dag. Er det mindre enn 10 gonger tykkjer vi begge at dette er for dårleg. Når Majken er ute ein kveld på møte eller likanande, kveikjer eg lys ute for å ønskje henne velkomen heim. Det same gjer ho. Å sjå lyset når eg nærmar meg døra fyller meg med glede. Og så har vi i alle år til alle tider dansa saman på kjøkkengolvet. «You are always on my mind» er favoritten. Og kvar kveld rekker vi ut hendene og ønskjer kvarandre ei god natt. Då er det godt å legge hovudet ned på puta og late svevnen kome.

Mine brødre

Tru og håp er det vi kan få hjelp og trøyst av, men kjærleiken har vi mellom oss her og nå og alltid, og den er gratis. Den krev sitt, men gjev så uendeleg mykje. Derfor er den størst.

Og det skal den alltid vere.

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst