Adoniram og Hiram blir rekna for å vere same navnet, fordi Adoniram kan vere ei samskriving av Adonai Hiram, som betyr «Herre Hiram». (Men andre kilder tolker navnet Adoniram som «Min herre er opphøgd».)
Det er kjend at legenden ikkje er henta frå Bibelen. Men det er tydeleg at mange element frå Bibelen har inspirert til den. Det var kanskje presten Dr. Desaguliers som skreiv fortellinga om Hiram i 1720-åra.
Men vi er altså på utkikk etter Bibelens Adoniram/Hiram. Og det var faktisk tre aktuelle personar, som alle var knytt til Salomos tempel: Adoniram, embedsmann og ansvarleg for pliktarbeid i Israel, Kong Hiram, konge i Tyros, og Hiram, smed og bronsestøypar.
Adoniram var ein viktig embedsmann for tre konger: Både David, Salomo og Rehoboam, Salomos sønn.
Han er nevnt som kong Davids skattmester, og oppsynsmann for plikt-arbeidarane. Han fortsette i same stillinga hjå Salomo. Etter at Israel hadde tatt over Kanaan, var det framleis mange ikkje-israelarar igjen i landet. Dei blei pålagt arbeidsplikt, i praksis slaveri.
Etter fire år på trona starta Salomo bygging av tempelet. Han gjekk til sin nære allierte, Hiram, kongen av Tyros, for å henta byggematerialer: Sedertre, akasietre, stein og metall. I bytte fekk kong Hiram korn og olivenolje.
Å frakta byggemateriala frå Libanon til Jerusalem var ein stor operasjon: Det var 30.000 mann engasjert til oppgåva, og Adoniram var ansvarleg for arbeidet.
I tillegg var det 70.000 bærarar og 80.000 steinhoggarar. (1. Kong. 5)
Det var viktig at steinane var ferdig tilhogd, for ein skulle ikkje høyra støy frå steinhogging på byggeplassen! Adoniram tok også del i mange andre store byggeprosjekt, både for David og for Salomo. (1. Kong. 7)
Adoniram fekk ei sørgeleg ende: Rehoboam overtok som konge etter Salomo. Salomos ufattelege velstand var m.a. basert på svært høge skattar og hardt pliktarbeid. Rehoboam fekk råd frå Salomos gamle rådgjevarar å letta på skattetrykket. Men han svara med å auka skatten endå meir. Dei 10 stammene i nord gjorde opprør mot kongen, og det blei ufred i landet. Rehoboam gjorde fleire dårlege valg, og landet blei delt. Adoniram blei som siste utveg sendt ut til opprørarane for å forhandla og for å kreve inn skatt. Han blei steina til døde. (1 Kong.12)
Då Tempelet nærma seg fullføring sendte Salomo bud på Kong Hiram og ba han senda ein man som kunne arbeida med gull og sølv, bronse og jern, med farger, og som er dyktig i gravering. (2 Krø. 2)
Denne personen hadde same navnet som kongen: Hiram. Han kom frå Tyros, var sønn av ei enke frå byen Dan og var av Naftali stamme.
Han var svært begava, og fekk det ærefulle tilnavnet «Abi».
Han laga store delar av interiøret i tempelet av bronse, m.a. 10 store kar med hjul til vasking av brennoffer. Eit praktfullt og rikt dekorert kar på 10 alen i diameter som kunne romma 2 tusen bat vatn. (ca 40 tonn) Det var for at prestane kunne vaska hender og føter før dei gjekk inn i tempelet. Dette store karet blei omtalt som «hav», og sto på 12 bronseokser.
Hiram laga dei høge bronsesøylene i forhallen: Boas og Jakin. Dei var 18 alen høge, og hadde ein omkrins på 12 alen. Det var fantastisk dekorasjon på søylene: blomsterranker, granatepler, liljer og slyngplanter. Øverst på søylene var det 4 alen høge søylehovud forma som lotusblomster.
Det gjekk med så mykje bronse at det var uråd å anslå mengden! (v 46)
Alt han laga var utstyrt med svært rike dekorasjonar og ornamenter, og mykje av det var også kledd med reint gull! (1. Kong 7)
Vigslinga av tempelet var ikkje mindre storslått: Fredsofferet var 20 000 okser og 120 000 sauer, og festen varte i 14 dager. (1 Kong. 8, v 54 til 66)
Adoniram-legenden er ein allegori til innsikt og undring. Og bibelens Hiram er til inspirasjon!