Kven vil ta sonen?

Kven vil ta sonen?

Kven vil ta sonen?

Foto: Jon Tyson, Unsplash

Kven vil ta sonen?

Ein rik mann og den kjære sonen hans var glad i sjeldne kunstverk. Dei hadde ei stor samling med alt frå Picasso til Rafael.

Ofte sat dei saman og såg på og diskuterte kunstverka dei åtte. Då Vietnamkrigen braut ut, blei sonen sendt i krigen. Han var modig og satte livet til då han prøvde redde ein annan soldat. Far hans fekk melding om dødsfallet og sørgde djupt for tapet av son sin.

Rett før jul året etter, banka det på døra. Der stod ein ung mann med ein stor pakke i hendene. «God dag, Sir. Meg kjenner du ikkje, men eg er den soldaten som son din ofra livet sitt for. Han redda fleire liv den dagen og det var han som bar meg til ein litt tryggare stad, då ei kule traff han i hjartet. Han døydde straks.  Han fortalde meg ofte om deg og kunstskattane dykkar». Den unge mannen heldt fram pakken sin. «Eg veit det er ikkje så mye, eg er ikkje noen stor kunstnar, men eg trur son din ville likt at du skulle få dette».

Faren opna pakken. Det var eit portrett av son hans, måla av denne unge mannen. Han såg kor flott kunstnaren hadde fått fram personlegdomen til sonen sin i maleriet. Faren blei så rørt at han fekk tårer i augo. Han takka for det flotte kunstverket og tilbaud seg å betale for det.

«Langt ifrå, Sir. Eg kan aldri få betalt nok for det sonen din gjorde for meg. Det er ei gåve». Faren hengde portrettet over peisen. Kvar gong det kom gjestar til heimen, viste han dei portrettet av sonen sin, før han viste dei noen av dei andre store kunstverka han hadde samla.

Mannen døydde noen månader seinare. Det blei halde ein stor maleriauksjon etterpå. Mange prominente folk samla seg, oppglødde av å sjå dei flotte måleria og sjangsen til å sikre seg sjølv kunstverk. Auksjonaius slo med klubba.

«Vi startar med ei bodrunde på dette biletet av sonen. Kven byr på dette biletet?» Det var heilt stille. Så ropte ei røyst bak i salen: «Vi vil sjå dei berømte maleria. Berre dropp dette». Men auksjonarius heldt fram: «Vil noen by på dette maleriet? Kven vil starte? Gi bod. 100 dollar? 200 dollar?» Ei anna røyst ropte forarga frå salen: «Vi kom ikkje hit for å sjå dette maleriet. Vi kom for å sjå Van Gogh og Rembrandt sine. La oss få by på dei!» Likevel heldt auksjonarius fram: «Sonen, sonen, kven tar sonen?»

Endeleg kom det ei røyst heilt bakerst. Det var den gamle gartnaren på eigedomen: «Eg byr 10 dollar for maleriet». Han var ein fattig mann, og det var alt han såg seg råd til. «Vi har eit bod. 10 dollar. Kven byr 20?» «Gi det til han for 10 dollar. Lat oss få sjå dei store meistrane». Folk i salen blei mest forarga. Dei var ikkje interesserte i eit bilete av sonen. Dei ville ha meir verdifulle investeringar til samlingane sine. Auksjonarius heva klubba: «Første gong, andre gong, SELT for 10 dollar!»

Ein mann på andre rad ropte: «La oss nå starte på kunstsamlinga!»

Auksjonarius la frå seg klubba. «Diverre, auksjonen er over». «Kva med maleria?»  «Sorry, folkens. Då eg blei beden om å leie auksjonen, fekk eg vite ein klausul som stod i testamentet til avdøde. Det skulle ikkje noen få vite før nå. Berre dette maleriet av sonen skulle auksjonerast bort. Same kven som kjøpte det maleriet så skulle vedkomande arve heile eigedomen, inkludert malerisamlinga. Den som tok sonen får alt.

Gud gav oss sin son for vel 2000 år sidan for å døy korsdøden. Mye likt auksjonarius er hans bodskap i dag det same: Sonen, sonen, kven tar sonen? Den som tar Sonen, får alt.

Forfattaren er ukjend. Eg fann stykket i eit amerikansk kyrkjeblad for mange år sidan og har omsett det. Med helsing Bjarne Fowels, X grad.

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst