Musikkens kraft

Musikkens kraft

Musikkens kraft

Frimurarlosjen bruker ritualer, allegoriar og symbol i frimureriets spesielle læremåte.Allegoriar og symbol kan kanskje virka unødvendige? Kan vi ikkje like godt bruka klartekst? Vi klarer vel å forstå poenget med fornuften vår?Svaret er nei: For å få heile forståelsen må vi også ha med kjenslene og det underbevisste. Derfor er musikken ein nødvendig ingrediens i losjemøtet.

Sang har alltid vore ein del av losjemøtet, også før etablering av det moderne frimureriet i 1723. Men litt overraskande: orgelet kom inn mykje seinare, i England frå midten av 1800-talet. Idealet var sang utan tonefølge av instrument.

Men musikk er etter kvart blitt ein nødvendig del av møtene. Les artikkelen i Frimurerbladet okt. 2008: «Uten musikk blir møtet fattig».
Likevel kom ikkje sang og musikk inn i lovboka før i 1998!

Og i instruksen for musikken i møtene kan vi lesa:
Enhver St. Johannesloge skal såvidt mulig ha en organist som forestår den ritualmessige sang og musikk i logen.
Musikken skal være av seriøs og verdig karakter, understøtte ritualet og forsterke brødrenes opplevelse av dette.

Musikken er det kulturuttrykket som har kortast veg til kjensler og det underbevisste. For å utrykka kjensler på andre måter, må budskapet «oversettast» til språk, og mottakaren må tolka. Men med musikk er det enklare: Musikk er så å seia kjensler i klarspråk!

Allerede dei gamle hellenarane visste dette: at musikken har stor innverknad på kjensler og stemninger. Denne tradisjonen blei vidareførd i Europa i mellomalderen, og frå 1500-talet blei det systematisert i det som blei kalla «Affektlæra». Her var nærast detaljerte oppskrifter på korleis komponisten kunne formidla både kjensler, stemningar, hendingar og gjenstander. Og publikum var kjend med kodane og dei musikalske symbola. Komponisten kunne fortelja ein historie utan tekst!

Filmindustrien kan også alt om dette: dei styrer kjensler og stemninger med stor kraft og presisjon. Og vi merker ikkje ein gong at vi blir manipulert! Tenk over det neste gong du går på kino.

Eg vil i seinare utgåver koma tilbake til emnet Affektlære, med klingande musikalske eksempler. Her er ein forsmak:

Lytt t.d.på Purcells «When I'm laid in Earth», med kromatisk nedgang i bassen, som symbol på død.
Kan du høyra englane i Bachs koralforspel «Vom Himmel kam der Engel Schaar»?

Nevrologene Geir Olve Skeie og Are Brean har nylig gitt ut ei bok som heiter «Musikk og hjernen». Det er overraskande funn!
Høyr bare:
Musikken kan endra hjernen.
Musikk kan gje ein meir robust hjerne, og kan motvirka sjukdom og demens.
Musikk er kommunikasjon.
Musikk aktiviserer kjenslene.
Musikk aktiverer kroppens belønningssystem og gir nytelse, (og kan samanliknas med seksuell nytelse.)
Og mest overraskande:
Musikk utan sangtekst virker raskare og sterkare!

Kva så med musikk, samvær og vennskap?

I mi tid som lærar ved musikklinja på vid. skule såg eg nesten kvar dag kor sterk musikken er som sosialt lim for ungdommane.

Den kjende frimurar-forfattaren Ludwig Friedrich Lenz frå 1700-talet sa det slik: «Formålet med musikken under losjemøtet er å mana til samhald og gode tankar blant brødrene. Musikken skal innprenta menneskeverd og visdom, tålmod, dyd og ærlighet. Og til slutt lojalitet og ei oppleving av fridom»

Spotify:
When I'm laid in earth:
https://open.spotify.com/track/34kbSUE9nBOYUPHefQIkgf?si=Umtyk0vRTBiReiutfiNI4g

Vom Himmel kam der Engel Schaar:
https://open.spotify.com/track/1ZNQ9CON6GMNj7g3DO2jzy?si=ctfOJM8rSdeTpU4XUN2KVQ

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst