Nestekjærleik

Nestekjærleik

Foto: Tor Arne Espedal

Nestekjærleik

Frimureriet er ein plass der eg skal læra meg å reflektera over tankane miner, orda og gjerningane som eg utøver og praktiserer utanfor logen. Mang ein gong har lurt på om eg er i stand til å etterleva logens bodskap. Klarar eg for eksempel å utøva nestekjærleik godt nok.

Kva nestekjærleik i grunnen er kan vera litt usikkert, avhengig av kven som skal tolka uttrykket. Men for mange er nok nestekjærleik omsorg for andre menneske – og det å føla seg ansvarleg for eitkvart medmenneske sin velferd utan omsyn til religion, kjønn eller politisk standpunkt. Ja, det vert hevda at eg skal elska min neste som meg sjølv.

Å visa nestekjærleik er sentralt for dei fleste menneske, også for frimurarar. Ja, etter mi meining er det sentralt i frimureriet. Men så er spørsmålet – kven er så min neste? Er det familien (som er dei viktigste for meg), naboen, gode vener – eller er det alle medmenneske?

I stort sett kvart logemøte gjev eg ein pengesum, i storleiken tretti til femti kroner. Ikkje store beløpet, men dette er også ofte gjennomsnittet i frimureriet. Logen i Stavanger gjev kvart år eit beløp i storleiken hundre tusen kroner til ein organisasjon. Og Den Norske Frimurarorden gjev årleg ei fellesgåve på ein million kroner, som dei ca. 17.000 medlemene på landsbasis har samla inn (ca. femti kroner pr. frimurar).    

Eg kjøper «Asfalt» av han som står på Madla Amfi, men eg kjøper ikkje eit liknande blad av han som står i sentrum med eit «konkurrerande» blad. Eg gjev nokre slantar til han som spelar nede i Østervåg, men eg kjøper ikkje noko av henne som sit på asfalten i Kirkegata og ber om pengar, som ho kan senda heim til borna sine. Eg reiser på sjukehusbesøk til ein god broder, men ikkje til alle brødre. Eg hjelper naboen når han treng assistanse, men ikkje alle naboar. Eg er aktivt med i den årlege TV-aksjonen som samlar inn pengar, men ikkje i andre innsamlingar. Og så viser eg nok meir nestekjærleik med dei som eg kjenner «slektskap» med – eg har lettare for å støtta dei. Eg kjøper ofte lodd av det lokale musikkorpset, mens eg seier nei til «utlendingen» som sel «kunstverk» på døra.

Ja, eg er litt i tvil om eg viser nok nestekjærleik. Om eg er ein god frimurar. Er eg raus nok, gåvmild nok, viser eg nok sympati, empati, sjenerøsitet og offervilje, omsorg, fellesskap og godvilje.

På eit trefat eg har på hytta står det fylgjande: «Ingen alle hjelpa kan, men alle kan hjelpa einkvan». Det er gode visdomsord.

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst