Vårt sjeleliv og vår medkjensle?

Vårt sjeleliv og vår medkjensle?

Vårt sjeleliv og vår medkjensle?

Foto: Tim Mossholder, Unsplash

Vårt sjeleliv og vår medkjensle?

Me likar å kalla oss for frimurar, men korleis er stoda med vårt sjeleliv og vår medkjensle i omgang med våre medmennesker?

Utgangspunktet for oss menneskjer er basert på ein fells plattform – me er fødd på same måte, me skal alle døy, og ingen av oss er feilfrie. Dette er sjølvsagt innlysande for dei fleste av oss, men erkjenninga av forgjengelegdom og svikt er ofte mangelfull i kvardagen og i omgang med andre menneskjer.

Døden er framandgjort. Me fortrengjer livet sine realiteter inntil me sjølv vert råka av noko, og har me problem med å takla situasjonen.

Folk rundt oss lir naud – dei gamle set isolert, og me vert opprørt når me høyrer kor dårleg dei vert handsama.

Kvifor vel me bort skuggesider åt livet og søkjer opp solsidene?

Me rosar oss i suksess, medan opplevingar av å vera utilstrekkeleg talar me ikkje om. Kvifor er det vanskeleg for oss å erkjenna våre svake sider som menneske?

Me definerer hendingar som positive eller negative ut frå andre sine forventningar, ikkje ut frå vår sjelelege trong. Fornekting av sjelelivet si trong for eigenutvikling har fått store konsekvensar for medmenneskeleg åtferd.

Me er vorte passive tilskodarar til nauda kring oss. Problema vert identifisert, men engasjementet kjem ikkje fram fordi innlevinga manglar. Den norske pressa gjer oss merksam på at naboen lir naud, og me forventar at samfunnet sine institusjonar ryddar opp.

Deltaking er berre til stade dersom me sjølv kan hausta på andre sin framgang, men er fråverande der skoen trykkjer.

Medkjensle, som er det edlaste av alle kjensler, er ei føremon for ein prosess mot sjeleleg bevisstgjering. I tillegg til vår naturlege evne til medkjensle med andre, har me ei større trong for venlegheit frå andre. Me treng berre verta sjuke for minnast kor viktig det er å verta elska og mota omsorg.

Eit liv utan medkjensle og kjærleik til nesten er eit trist liv.

Bitre erfaringar leiar ofte til hat. Me veit at hat kan vera selektiv og retta mot eit menneske som har gjort oss urett, eller meir generelt retta mot samfunnet. Hat er ei kjensle me vert påført som fylgje av mangel på medkjensle frå våre omgivnader, og denne negative kjensla ovanfor andre er svært energikrevjande.

Me taper ikkje evna til medkjensle sjølv om me hatar, men hatet kan verta så forsterka i vårt sjeleliv at prosessen for foredling vert hemma. Difor er det viktig at me arbeider aktivt med prosessen for bevisstgjeringa, som også omfattar hatet. Tilgjeving er ein konsekvens av dette arbeidet, og med det meiner ein ekte tilgjeving og ikkje kapitulasjon eller resignasjon. Me aksepterer at andre har gjort oss urett og snur dette til noko konstruktivt.

Medkjensle og innleving må vera grunnlaget for våre handlingar, og då er det ikkje snakk om passivt handlingsmønster, men eit aktivt relasjonelt samspel med våre omgivnader. Eit slikt samspel er avhengig av god og aktiv lytting og rett forståing av den informasjon som ein tek i mot.

Frimureriet oppfordrar til engasjement gjennom innleving og medkjensle, men det krev at me først erkjenner våre menneskelege svakheiter. Symbolspråket er eit verktøy for denne prosessen til foredling.

Som resipient eksponerer me våre menneskelege svakheiter. Ved å vera til stade ved losjemøta gjev desse møta oss ei påminning om våre manglar og syner oss der me sviktar som menneske. I tillegg verkar frimureriet som ein stabiliserande faktor i eit samfunn prega av framandgjering.

Ein felles plattform skapar harmoni og tryggleik. Alle er like uavhengig av profesjon, og sjelelivet har fått ein sentral plass. Stadig gjentaking og påminning om vårt ufullkomne liv er svært viktig for foredling av vårt sjeleliv.

Ei opptaking inneheld så mykje meining, så mykje visdom og ei slik grunnleggjande innsikt i tilværet at me kan fylgja det same ritualet i årevis og framleis oppdaga noko nytt.

Ritualet kan samanliknast med eit kunstverk som set assosiasjonane i gang i positiv retning.

Ordenen sine ritual skal ikkje berre leia oss fram til auka sjølverkjenning, men skal også medverka til åndeleg fordjuping. Sanning, som er erkjenninga, og Lys, som er det fullkomne, er sentrale omgrep hjå ein frimurar. Lyset er nærverande hjå alle menneskjer og representerer det fullende. Gjennom sjølverkjenninga er me i betre stand til å sjå Lyset.

Frimureriet gjev oss arbeidstavler med verktøy og byggesteinar, men byggverket er ei personleg oppnåing. Arbeidstavla uttrykkjer, i overført tyding, sjelelivet sin foredlingsprosess og måloppnåinga er sjølverkjenninga. Me vert stadig minna om at me må vera søkjande.

Og då kjem eg attende til spørsmålet: Korleis er vårt sjeleliv og vår medkjensle i omgang med våre medmennesker?

Som broder Dennis W. T. Nilsen seier: Frimureriet er ingen lære, men ei fordjuping i filosofien basert på individet sin fridom til å skapa si eigen meining med tilværet og å ta ansvar for sitt eige liv.

Det skje mine brødre!

Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst