Rakel sin gråt er ikkje stilna

Rakel sin gråt er ikkje stilna

Rakel sin gråt er ikkje stilna

Foto:

Kjære brødre!

Velkommen til Logekjeden nettutgave 2020 - med ønske om en god leseopplevelse! Takk ellers for alle positive tilbakemeldinger som kom på
nummer 3. Takk til alle artikkelforfattere og til alle annonsører – som gjør Logekjeden mulig.

I løpet av den tiden Ordenen har vært nedstengt har logene i Bergen Provins kommunisert med brødrene også via epostutsendelser med ulike former for
«nyhetsbrev». Frekvensen på utsendelsene har variert. Innholdet i brevene har vært hjertevarme og til kunnskap, Det er en tekst som har gjort ekstra inntrykk.
St Andreaslogen Utstein gir oss et Juleevangelium skrevet av broder Kjell Arild Pollestad. Jeg ønsker å ta det med også her slik at alle brødre i Provinsen kan få lese det.

Måtte 2021 bli et år vi klarer å ta imot gleden, nåden og barnet! "Slik at Rakel sin gråt … stilna".

Hjertehilsen
Terje Lie
red.

Juleevangelium

Kjell Arild Pollestad X

«I dei dagane,» står det i Bibelen, «var Kvirinius landshovding i Syria.» Noko meir veit me ikkje om Kvirinius. Han heldt til på andre sida av Golan-høgda, og høyrde nok ikkje englesongen då fredsfyrsten vart fødd i Betlehem, den gongen det ikkje var rom i herberget til den vesle guten frå engleverda, framand som han var på vår arme jord.

Romaren Kvirinius høyrde heller ikkje den «røysta i Rama» profeten tala om, då «Rakel gret for borni sine», dei små gutane som vart drepne i Betlehemsbygdene, «for dei var ikkje lenger til.» Men fredsfyrsten var gøymd unna i Egypt.

Eg hadde øyra for englesongen då klokkene kima til høgtid og jubel i mitt gutehjarta, i dei heimlege, stille grender, der landshovding Kvirinius i Syria berre var som ein forsmak på juletorsken, og fredsfyrsten smilte i krubba til alle små jenter og gutar.

No er det helst røysta i Rama eg høyrer under klokkeklangen. Rakel sin gråt er ikkje stilna, «trøystarord ansa ho ikkje,» står det, so lenge ho ser kva menneske gjer med så mange små gutar og jenter. Klårare enn barnet i krubba, som kom seg til Egypt, ser ho den døde guten på stranda, vesle Alan Kurdi frå Syria, på flukt frå ein annan landshovding, ikkje «i dei dagar», men i våre.

For guten i krubba gjekk vegen til krossen. Høgast gret Rakel for alle dei borna me i rikdomen ikkje har rom til, dei mange som døyr langs våre strender, dei millionar inga Jordmor-Matja tek imot, dei som får krossen før krubba, og før dei ser dagen deler lagnad med smågutane i Betlehemsbygdene, der englane eingong song.

Juleklokkene kling framleis i byar og bygder, men våre livsrøynde øyro er døve for englesongen. Eg høyrer enno Rakels gråt for borna, dei som ikkje lenger er til fordi me ikkje ville ha dei, endå dei var brør og systrer til fredsfyrsten, som i det minste fekk ei krubbe.

Fredsfyrsten kom, men ikkje freden. Han breier armane ut og vil famna oss alle – med hendene spikra til krossen. Ei ny påskevon lyser i den gamle julegleda: Sigeren er hjå dei makteslause, gudsriket er for dei små, for all små gutar og jenter her på vår arme jord.

Lommekalenderen 2021
Faktaboks
Ved en beklagelig feil har kontaktinformasjon for Sangforeningen i Bergen falt ut på side 5 i Lommekalenderen for 2021. Kontaktinformasjon Sangforeningen i Bergen skal være:Tor Aase Johannessen, formann tlf. 906 14 7 22 , e-post tor.johannessen@nhh.no.
Foto:
Kiril Kutin
Foto:
Kiril Kutin
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst
Tiden er inne Kunst for hjertet & Hjertets kunst